I stadig spenn mellom høg og låg funksjon, makt og avmakt.
Og ikkje minst: Ei førestilling om at vi menneske er så uendeleg mykje meir enn dei merkelappane eller diagnosane vi får. Og om korleis talent, potensial og livskvalitet kan gå tapt når rommet for utfalding blir for snevert.
Tidlegare stortingsrepresentant Jenny Klinge inviterer til ei personleg, djuptgåande – og høgtflygande førestilling. Gjennom ein unik kombinasjon av nære fortellingar, refleksjonar og humor deler ho livserfaring og grunnleggande erkjenningar med publikum.
Ho vil òg fortelle om korleis stortingskarriera hennar kunne ha stoppa opp tidleg på grunn av ein diagnose. Som i beste fall var upresis eller kanskje til og med feil.
Med utgangspunkt i eige liv byr Jenny på ei levande fortelling om moglegheiter og hindringar og om lys og mørke. Om korleis ho heilt sidan ho var lita har navigert i eit samfunn som aller mest er tilpassa for menneske med jamn funksjon og stabile livsvilkår.
Gjer deg klar for ein kveld som kan utvide perspektivet på kva eit menneske kan vera og bli. Denne førestillinga vil gi deg eit rausare og varmare blikk på andre – og kanskje òg på deg sjølv.